Denne oppmodinga kom ein Sp-politikar med på Facebook.
[Firda] «Det hadde vore veldig fint om noken kunne plante eit par skudd i denne brødløken. Utvisning i frå Norge for all fremtid kan også vere eit alternativ», skreiv kommunestyrerepresentant Per Inge Indrebø i Jølster Senterparti på Facebook torsdag morgon.
Når Firda.no tar kontakt eit par timar etterpå, vel Indrebø å slette innlegget. Statusoppdateringa kom som ein reaksjon på eit av omstridde Arfan Bhatti sine utspel i samfunnsdebatten den siste tida.
Bhatti var mellom anna med på skytinga mot synagogen i Oslo i 2006. Dei siste månadane har han forsøkt å gjere seg til ein slags talsmann for norske islamistar, og heldt mellom anna appell under ein demonstrasjon mot Norge sitt Afghanistan-engasjement i Oslo 20. januar.
No angrar den 25-årige lokalpolitikaren på Facebook-angrepet mot Bhatti.
– Eg kjem til å logge på og slette innlegget no, dette var dumt av meg, seier Per Inge Indrebø.
Han legg til at han berre har site som folkevald i vel fire månader sidan valet i haust, og håpar det kan få vere lov å gjere feil.
- Eg beklager heile innlegget på det sterkaste. Eg står ikkje inne for det eg skreiv, seier han.
Fylkessekretær i Sogn og Fjordane Senterparti, Per Rune Vereide, vert opprørt når Firda.no ringer.
– Dette er heilt nytt for meg, men om eg får meldinga hans rett referert tar Senterpartiet heilt klart fullstendig avstand frå slike utsegn, seier Vereide.
– Etter mitt syn er det heilt håplaust og fullstendig forkasteleg å gje uttrykk for slike synspunkt i offentlegheita, legg fylkessekretæren til.
– Har Senterpartiet retningsliner for korleis folkevalde bør opptre i sosiale medium?
– Nei, ikkje anna enn at kvar enkelt må nytte sin eigen sunne fornuft. Her har det tydelegvis ikkje skjedd, svarer Vereide.
Les heile saka i Firda (ANB)
Kommentar: Torsdag gikk 25.000 offentlig ansatte ut i streik.
Les hele kommentaren her
Fra de aller første meldingene om skyting på Utøya nådde politiet på Hønefoss, gikk det om lag sju minutter før den første patruljen var på vei.
– Måtte kjenne etter om jeg var i live
Årets internasjonale Grand Prix-finaleuke ble innledet med åpningsshow i Baku. Se bildene fra den røde løperen!
Se alle bildene!Uavhengig av vær og vind - nasjonaldagen feires landet rundt, uansett!
Se bildene her!