3.900 søkere til 21 stillinger

Av

Oljenedturen gir rekordmange søkere til fergeselskap.

Siv Anita Hella Furnes er lærling i maskinrommet på ferja «Lærdal».

Siv Anita Hella Furnes er lærling i maskinrommet på ferja «Lærdal». (Foto: )

DEL

[Firdaposten]  – No når delar av den maritime næringa er under sterkt press, ønsker vi å ta ansvar for at flest mogleg unge får seg lærlingkontraktar, seier HR-direktør André Høyset i Fjord1 til Firdaposten.

I den vanskelege situasjonen som har oppstått i oljerelaterte næringar, har Fjord1 bestemt seg for å ta eit ekstra ansvar. På landsbasis er det 150 lærlingar på VG2 maritime fag som ikkje har vidare tilbod om læreplass, skriv Firdaposten.

36 prosent auke

– I år har vi faktisk 36 prosent fleire lærlingar innan matros og motormannfaget enn det vi melde inn som behov i utgangspunktet, fortel rekrutteringsrådgjevar Cicilie Færestrand.

Fjord1 har lenge vore best i klasse på dette området og i år aukar dei innsatsen ytterlegare.

I 2014 tok Fjord1 inn 28 nye lærlingar. No i år har dei passert 30 og håpar på å greie nokre til. 30 er inne i sitt andre læreår og i tillegg har dei 12 kadettar, som er i ferd med segle inn sertifikat i faga sine.

Fjord1 deltek også traineeprogrammet innan administrative fag.

Per i dag har selskapet 80 lærestillingar- tilsvarande seks prosent av dei tilsette i reiarlaget.

Siv Anita Hella Furnes er ei av dei heldige som har fått seg læreplass etter fullført VG2 maritime fag. Ho er motormannlærling på ferja «Lærdal», som trafikkerer trekantsambandet Hella, Dragsvik og Vangsnes i Sogn.

– Veldig attraktivt opplegg for meg, understrekar Gulen-jenta, som ikkje kunne tenkt seg noko anna fag å jobbe med.

– Eg går i skiftordning, to veker på og to veker av. Det betyr at eg må jobbe som lærling i to år for å fullføre fartstida mi. Lærlingløna er ikkje så høg i starten, men den kjem til å stige etter kvart. Eg trivest veldig godt i lag med mannskapet på «Lærdal». Maskineriet om bord er nytt og det er lærerikt å jobbe her. På lenger sikt er planen å ta høgskuleutdanning som maskinist, fortel Siv, som vi treff på telefon i friperioden heime i Dalsøyra-området.

– Er dette ein utdanningsveg du vil tilrå andre å ta?

– Ja, heilt klart.

– Framtidsplanar?

– Kanskje får eg meg ein tur utanriks etter kvart. Dette hadde vore kjekt å få med seg.

Stor pågang

Rekrutteringsrådgjevar Cicilie Færestrand fortel at pågangen etter jobb i reiarlaget er stor for tida.

– Vi har no 56 søkarar til ei matros-stilling. Eit anna eksempel er ei stilling som kai-billettør. Der er det 60 søkarar, fortel ho.

HR-direktør André Høyset viser til at den store pågangen skaper ein ny situasjon i reiarlaget.

– Tidlegare var det meir vanleg med rokeringar og ein slags intern dominoeffekt når det blei ledige stillingar. No er pågangen stor eksternt. Av 3.900 søkarar har vi tilsett folk i berre 21 stillingar.

Han meiner at i dagens arbeidsmarknads-situasjon bør styresmaktene legge til rette for finansieringspakkar til lærlingar. Dette vil vere ei god hjelp for ungdom i utdanning og det vil på sikt styrke kompetansen i den maritime næringa.

Etter lærlingtida må ein gå opp til fagprøve, når den er bestått er ein klart til å mønstre på som matros eller motormann.

Ein kan også velje å vidareutdanne seg. Her er det to parallelle system. Anten ta fagutdanning gjennom ein fagskule eller å ta maritim utdanning gjennom høgskulesystemet. Etter desse alternativa er det ein såkalla kadettperiode på 12 månader, før ein kan løyse det første maritime sertifikatet. Kadett er det siste stadiet før ein søker om sertifikat og vert offiser på brua eller i maskinrommet. (ANB)

Artikkeltags