...
Sigrid har eit utal hjulkapslar som veggpryd i garasjen sin. Denne sommaren er 83-åringen klar for å ta sin sylvgrå Opel Rallye Kadett ut på vegen for 45. året på rad. Foto: Foto: Kristin P. Romtveit, TA/ANB

Samme bil i 45 år

Vinje (ANB): I 1995 hamna Sigrid Rismyr Svalastog frå Grungedal i bladet «Vi menn». Ikkje som midtsidemodell, men ved å vise fram sin sjeldne 67-modell Opel Rallye Kadett.

Publisert 01.06.2012 kl 13:49 Oppdatert 01.06.2012 kl 13:52

Tips en venn på e-post:


404 - Not found

Error message: Not enough arguments given

Opel i 146 år

...

Sjekk hva Magna fikk med på Opel-kjøpet!

Se og les bildehistorien her

[Telemarksavisa] – Det er ikkje mange av denne på vegen lenger, smiler Sigrid og stryk Rallye’n over panseret.

Grunnen til at bilen hennar hamna i ein artikkel i «Vi menn» var at vekebladet hadde laga ein presententasjon av ulike Opel-modellar.

Då Sigrid blei merksam på at dei hadde gløymt å presentere Rallye-modellen ho sjølv hadde ståande i garasjen, kontakta ho redaksjonen i bladet, som raskt retta opp bommerten ved å laga ei eiga sak på bilen hennar.

– Eg har ikkje rekt å vaske han inni enno altså, orsakar Sigrid.

Det er andre gongen i vår at ho køyrer bilen ut av garasjen der han har stått lagra gjennom ein lang vinter.

– Sjå. Sambygdingen min, Øyvind Kili, har pussa opp felgane. Blei dei ikkje bra?

Sigrid opnar opp døra på førarsida. Bak rattet i teak syner panelet ein kilometerstand på 159 748.

– På 45 år?! Snakkar me for det meste kjipp-køyring her, eller?

Sigrid ler.

– Stort sett det, ja. Bortsett frå ein tur til Sverige, ein til Trondheim og nokre turar til Oslo.

Ho set seg bak rattet.

– Og sjølvsagt ein del turar til Skien. Elles har bilen berre gått innanfor Vinje kommune, ja.

Ho smiler, blunkar lurt og fortel at ho har køyrd til mang ein dansefest i byen.

– På tidleg 70-tal og framover var det skikkeleg uteliv i Skien. Herremann, så moro me hadde det, mimrar dama som er open om det meste. Bortsett frå ein ting.

– Du må ikkje skrive kor gamal eg er i avisa altså.

– Gjer det noko då, så godt som du held deg?

Sigrid tenkjer litt.

– Okei då. Du kan skrive at eg er fødd i 1928. Så kan folk rekne sjølve, seier ho med glimt i auga.

Les meir og sjå flere bilete her

Biler til salgs lokalt


De nyeste annonsene:

Annonsere i avis og på nett?

Zap over til Shanghai

...

Sjekk ut ZAP! Aptera og alle de andre bilene som fant veien til Shanghai Auto Show.

Se bildene

Bond gass på bilmesse

...

Daniel Craig kastet glans over New York International Auto Show. Sjekk ut bilene som glinset på messa.

Se bildeserie

Tips oss

Vaktsjef: 22 99 84 40
Desken: desken@anb.no
Pressemeldinger: pm@anb.no

Kontakt oss

Postboks 8713 Youngstorget
0028 Oslo
Besøksadresse: Akersgata 28
Telefon: 22 99 84 00

For våre kunder

Kundeweb
Fotoweb
ANBs nettsider: www.anb.no

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Hallgeir Westrum

Tekstarkivering

Vi gjøre oppmerksom på at siste.no
regelmessig blir innsamlet og lagret
av Nasjonalbiblioteket (pliktavleveringsloven).
Siste.no vil bli gjort tilgjengelig som
kildemateriale for forskning og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.