...
Foto: Gamer.no/Montasje

Spela vi gler oss til

Juni blir ein bra månad på spelfronten.

Publisert 31.05.2012 kl 10:04 Oppdatert 31.05.2012 kl 12:35

Tips en venn på e-post:



[Gamer.no] Enda ein månad er over, og den har vore rimeleg heftig, for å seie det mildt. Dei fleste burde ha fått passet sitt påskrive uavhengig av kva sjangrar dei tørstar etter. Minecraft gjorde omsider sitt inntog på Xbox 360 og sette like godt ein salsrekord i same slengen. Kort tid etter dukka det lenge etterlengta Diablo III opp, og skapte mykje kaos og lange køer, både på og utanfor nettet.

Mykje mindre problematisk var lanseringa av det saftige rollespelet Dragon's Dogma. Medan eg gjekk meg vill i livsfarlege skogar tok Andrine nokre svalestup i sakte kino saman med Max Payne.

Med rekordvarme over store delar av landet, og ei lang rekke godt plasserte fridagar håpar eg du har fått godt med tid til å nyte maispela. No er det derimot slutt på våren, og med sommaren kjem det vi likar å kalle speltørke. Det er klart, med varmen kjem latskapen, og sjølv om vi har mykje på programmet, tek eg det for gitt at du kjem til å slenge deg ned i solstolen for gi beng i det meste ei tid framover.

Her er i alle fall nokre av godbitane du kan glede deg over i månaden som kjem.

Glade dagar med fargerik action.

Heroes of Ruin

Plattform: 3DS
Ute: 15. juni

Med Heroes of Ruin får 3DS si eiga Diablo-klone. I dette fargerike actionrollespelet kan du velje mellom fire svært så varierte heltar. Vi finn alt frå ei diger løve til ei lett og fager dame. Som seg hør og bør kan du naturlegvis justere litt på korleis dei skal sjå ut før du går i gong. Dette kan kome godt med i den påstått robuste fleirspelardelen som vil la folk hoppe inn og ut av spelet utan mykje kluss.

Som vanleg for sjangeren byr spelet på mange fiendar i alle storleikar og fasongar. Helten din kan du kle opp med både våpen og utstyr du nok kjem til å sanke inn i store mengder. Dei forskjellige områda vi vil vitje blir i tillegg genererte på sparket slik at du får sjå og oppleve noko nytt kvar gong du spelar.

Les meir om Heroes of Ruin

Eg finn eigentleg ikkje ord. Skjul dette for Ottar.

Lollipop Chainsaw

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 15. juni

Gjer deg klar for noko utanom det vanlege. Frå Suda 51, galningen som gav oss No More Heroes, Akira Yamaoka, geniet som komponerte musikken til dei første Silent Hill-spela, og James Gunn, skribenten som gav oss Dawn of the Dead kjem eit spel om zombier. Juliet Starling er ei heilt vanleg jente i ferd med å fylle 18 år, men ting går sjølvsagt litt skeis. I staden for å møte typen sin på skulen møter ho ein flokk stygge, illeluktande, vandrande lik.

Juliet veit sjølvsagt korleis ho skal fikse biffen, og kledd i det som berre kan kallast ei litt tøsete cheerleader-drakt, plukkar ho opp si trufaste motorsag. Du kan kanskje tenkje deg resten. Eller kan du det? Når det kjem rosa hjarte ut av zombiene i staden for blod kan ein byrje å lure.

Les meir om Lollipop Chainsaw

No får du enda fleire måtar å ta over riket på.

Civilization V: Gods & Kings

Plattform: PC
Ute: 19. juni

Om du sakna gudar og religionane dei medfører seg då Civilization V kom ut 2010 har du all grunn til å glede deg. Med Civilization V: Gods & Kings pustar strategikjempene Firaxis nytt liv inn i serien med ni nye sivilisasjonar og mange herlege religionar. Festeleg nok kan du skru saman religionane dine sjølv, så om du gjerne vil at folka dine skal tilbe Darth Vader bør det vere fritt fram.

Som om det ikkje var nok får diplomaten i deg noko å kose seg med. Ved å sende folk rundt til andre sivilisasjonar kan du påverke dei i din favør, og om det feilar kan du heller sende spionar for å få tak i nyttig info på heilt feil måte. Eller eventuelt sabotere ein og annan ting for å få eit fortrinn. Om du synest slike framgangsmåtar er for pingler kan du heller gå til direkte åtak med eit forbetra kampsystem.

Les meir om Civilization V: Gods & Kings

Her blir det kaos.

Steel Battalion Heavy Armor

Plattform: Xbox 360
Ute: 22. juni

Hugsar du Steel Battalion til gode, gamle Xbox? Ikkje? Du hugsar altså ikkje mechrobotspelet som utelukkande kunne spelast med ein gigantisk ekstern kontroller som ikkje berre hadde to styrespakar, men i tillegg over 40 knappar som alle hadde vitale funksjonar? Som du kanskje skjønar var ikkje dette eit spel for dei med dårleg tid.

Den einaste naturlege vegen å gå frå eit slikt oppsett er sjølvsagt Kinect. Ja, du høyrde riktig. Kan du ikkje bringe kontrollaren til folket, får du bringe folket til kontrollaren. Ved å kombinere bruk av både handkontroll og handrørsler gjer du alt frå å styre maskineriet ditt til å klaske konsentrasjonen tilbake i vettskremte co-pilotar. Det er lite som tyder på at dette blir eit spel for dei med dårleg tid heller, det blir laga av same studiet som laga det sadistiske Demon's Souls, så du kan vente deg ei utfordring.

Les meir om Steel Battalion Heavy Armor

Ikkje akkurat gutta på tur.

Spec Ops: The Line

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 29. juni

Om du er lei av glorete skytespel som kan skape eit inntrykk av eit krig er ein fin ting, kan det kanskje passe med ein tur til Dubai. I Spec Ops: The Line får vi sjå krigens sanne andlete. Medan du vandrar nedover gata bør du ikkje bli overraska om du ser sivile lik og folk som har blitt lynsja frå lyktestolpane. Påkjenninga det er å vere i ein slik situasjon er noko som skal kome godt fram i spelet som er inspirert av klassikarar som Heart of Darkness og Apocalypse Now.

Spelet i seg sjølv er eit tredjepersons skytespel. Du spring rundt saman med ein flokk soldatar og får nytte deg av velkjende mekanikkar som å legge deg i skjul. Mykje meir interessant er derimot korleis du kan bruke sand til din fordel. Ser du til dømes ein murvegg som støttar opp ein diger sanddunge kan du sprenge den vekk for å drukne fiendane dine. Ikkje akkurat ein sympatisk måte å ta liv på, men dei seier at alt er lov i krig og kjærleik.

Les meir om Spec Ops: The Line

Klar for ein tur til Westeros?

Årets høgdepunkt

Dette er sjølvsagt ikkje alt månaden byr på. I starten av juni dukkar Game of Thrones opp, og om alt går etter planen vil dette rollespelet gje oss eit solid vindauge inn i George R.R. Martin sitt mørke univers. I tillegg kan du ta få sjå korleis det går med Svergie når broderlandet blir ramma av atomkrig i actionrollespelet Krater. Saknar du litt bilkøyring får du ditt med Test Drive: Ferrari.

Det vi gler oss mest til av alt er likevel ikkje ein lanseringdato, men heller kunngjeringa av lanseringsdatoar og mykje anna. For i starten av juni sparkar den årlege E3-messa i gong i herlege Los Angeles. Som vanleg reiser eg over dammen for å leve utan søvn. Samtidig skal eg gjere mist beste for å passe på den nye generasjon. Eg er litt redd for at Marius og Audun skal gå seg ville plant alle lysa på messegolvet, men Marius sneik seg med i fjor, så det burde gå bra.

Eg kan i alle fall love at vi ikkje skal sove eit sekund før nokon har blogga om dagen, og pressa ut fleire artiklar dagleg. Eg tek med meg ei snasen lita pisk for dette høvet, og ser fram til å få brukt den særs ofte.

Gløym ikkje å sjekke spelkalenderen vår for ei oversikt over spel som kjem i nær og fjern framtid. (ANB)

På forsiden nå


...

Blir nedstemte av sosiale medier

– Jeg gråt på bussen. Jeg gråt i klasserommet. Det var så flaut.

...

Omkamper i Stortinget

Kommentar: Statsminister Erna Solberg sier at KrF og Venstre må regne med politiske omkamper.

Les hele kommentaren her

...

Disse bør du styre unna

Sjekk hvilke dekk du ikke bør bruke når det er vinter i Norge.

...

Helomvending fra Eriksson

Men arbeidsministeren nektet å innrømme at han har gjort en feil.