...
Kingdom Hearts 3D: Dream Drop Distance er eit av dei gode sommarspela. Foto: Disney

Desse spela gler vi oss til

Sjølv årets store sommarmånad kan fyllast med spel.
Publisert 02.07.2012 kl 11:00 Oppdatert 03.07.2012 kl 15:40

Tips en venn på e-post:



[Gamer.no]: No er vi midtvegs. Halve 2012 ligg bak oss, og den mest intense halvdelen står igjen. Det har vore eit godt år så langt, og det passar eigentleg veldig godt med litt sommar, sol og ferie akkurat no. Juni har vore ein intens månad. Ikkje nødvendigvis sidan det har vore mange lanseringar, men etter en heftig E3-veke tek det alltid litt tid for mang ein spelentusiast å akklimatisere seg.

Vi fekk ingen nye konsollkunngjeringar i år, men endeleg kunne eg prøve Nintendo si nye maskin Wii U. Ved sidan av dette nye plastvidunderet fekk vi testa mange nye og lovande spel, noko du kan lese mykje meir om i Gamers E3-seksjon.

Det kan vere lett å gløyme at det har blitt lansert nokre spel denne månaden òg. Det flotte og tradisjonelle eventyrspelet Resonance imponerte Joachim tidlegare i månaden, medan Jens blei litt småforelska i det fargerike tyggegummizombiespelet Lollipop Chainsaw.

Ved sidan av dette har vi fått litt solid hjernetrim i Quantum Conundrum, og ei glimrande utviding til Civilization V med ekspansjonpakka Gods & Kings. Men no er det tid for å sjå framover mot dei yttarst få nemneverdige spela som kjem i juli. Ta det ikkje for hard kritikk frå meg, men juli betyr speltørke, noko som gjer lista med interessante temmeleg kort.

Er du klar til å møte dine verste mareritt?

The Secret World

Plattform: PC
Ute: 3. juli

Sjølv om det er speltørke i juli treng ikkje det vere noko problem når eit massivt onlinespel stårt klart til å ta over livet ditt. The Secret World frå norske Funcom vel eit noko anna utgangspunkt enn dei fleste andre nettbaserte rollespel. Her skal du verken hive deg inn i ei romdrakt eller dra på deg alveøyra. Fantasy og science fiction tek eit baksete til fordel for skrekk, gru og den eine konspirasjonen etter den andre. Eg vil tru Nyhetsspeilet vil finne mykje inspirasjon til nye artiklar her.

Ved sidan av den konspiratoriske settinga gjer som vanleg Funcom eit forsøk på å fornye sjangeren. Der dei introduserte eit innovativt kampsystem i Age of Conan har dei no valt å droppe klassar og nivå fullstendig. Du står heilt fri til å bygge figuren din nøyaktig slik det passar deg. Er du klar for å tilbringe årets lysaste månad i mørkret?

Les meir om The Secret World

I Endless Space blir du sjefen for ein heil sivilisasjon.

Endless Space

Plattform: PC, Mac
Ute: 4. juli

Endless Space er eit spel av den gode, gamle sorten. Her skal du ta med deg ein heil sivilisasjon ut i rommet, og gjerne møte eit par andre på vegen. Om du er av den fredelege typen kan du drive fram diverse avtaler gjennom diplomati, eller du kan vere ein dritsekk og berre gå til krig. Det er opp til deg. Universet på si side byr på mange restar etter gamle og utdøydde sivilisasjonar. Som med arkelogiske funn på vår eiga jord kan slik gjenstandar vere av uhyre stor verdi.

Spelet byr på åtte forskjellige rasar du kan velje mellom, men de mest kreative kan lage sin eigen. Er du stolt over produktet ditt kan du dele rasane dine med venene dine slik at dei kan få dei inn i sitt spel.

Les meir om Endless Space

Sær gravitasjon i Inversion.

Inversion

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 12. juli

I dette Gears of War-inspirerte skytespelet følgjer du ikkje uventa ein liten gjeng sinte menn med store våpen. Som ein kan forvente kjem dei til å slengje seg bak både det eine og det andre for å halde seg trygge for kulene medan dei no og då stikk hovudet fram for å plassere nokre kuler. Det som gjer Inversion spanande er den spenstige gravitasjonen. Ved å springe gjennom diverse blå portalar kan du regelrett snu opp ned på ting.

Veggar blir til golv, og golv blir til tak i det heile verda snur seg rundt og vrir seg i takt med kampane mot ei framand makt. Om du treng ei solid dose skyting for det store kulesleppet til hausten, veit du kvar du skal gå.

Les meir om Inversion

Ein moogle gjer alt betre.

Kingdom Hearts 3D: Dream Drop Distance

Plattform: Nintendo 3DS
Ute: 20. juli

Etter det herlege Kingdom Hearts: Birth by Sleep er det ikkje rart ein gledar seg til Dream Drop Distance. Square Enix har kanskje ikkje blitt noko flinkare til å gje spela sine fornuftige namn sidan sist, men atter ein gong kan vi nok vente oss eit actionfylt spel med mange kjende og kjære Disneyfigurar. Nye ansikt denne gong kjem frå turar til Disney-versjonen av De Tre Musketerer, samt Square Enix sitt eige spel The World Ends With You.

I Dream Drop Distance må Sora og Riku tre inn i draumeverda for å bli skikkelege nøkkelmeistrar. Det høyrest kanskje litt paradoksalt ut sidan historiene i dei fleste Kingdom Hearts-spela er omlag like lette å følgje som ein draum, men vi kan jo håpe ting har blitt enklare med åra.

Les meir om Kingdom Hearts 3D: Dream Drop Distance

Spelet for deg som likar å øydeleggje ting.

Wreckateer

Plattform: Xbox 360
Ute: 25. juli

I Wreckateer skal du omlag på same måte som i Angry Birds kaste kanonkuler på eit slott. Heile poenget er å få mest mogleg av slottet til å rase saman, og dette gjer du ved hjelp av Kinect. For å velje kvar kule skal gå, og hjelpe den litt på veg midtvegs i lufta brukar du kroppen din til å vifte med henda, fly som ein fugl, eller lene deg frå side til side.

Det høyrest kanskje banalt og simpelt ut, men det er ofte dei banale og simple ting som fungerer best. Eg fekk tatt ei solid prøverunde med spelet på E3 og må innrømme eg storkosa meg. Dette er kanskje ikkje eit spel for heile familien, men om du er av typen som heng deg fast i praktiske problem og klare dei, er dette definitivt eit spel du bør sjekke ut.

Les meir om Wreckateer

Som du ser er ikkje lista over spel i juli den heilt store, men det ser definitivt ut til å vere nokre godbitar her. Litt får vi derimot, og blant anna sparkar Microsoft i gong Summer of Arcade denne månaden med HD-utgåva av Tony Hawk's Pro Scater.

Utover dette dukkar omsider det flotte Prototype 2 opp på PC. Test Drive: Ferrari vil forhåpentlegvis tilfredsstille racingkløa, medan Orcs Must Die! 2 bør by på litt spinnvill orkeslakt. Det vakre Rainbow Moon bør på si side kunne slukke eventyrtørsten.

Kva skal du gjere i juli? Slikke sol og kaste badeball eller ta opp kampen mot eldgamle konspirasjonar?

På forsiden nå


...

Sendte Brann mot nedrykk

Brann så ut til å ta tre svært viktige poeng, men to LSK-scoringer på overtid sendte bergenserne mot avgrunnen.

...

Publikum vraker kinomørket

I juni og juli har 22 prosent færre benket seg foran kinolerretet enn i samme periode i fjor.

...

Håper på morsomt sjakk-OL

Magnus Carlsen ser fram til å spille i sjakk-OL på hjemmebane.