Måtte gå på Nav i fem år etter utflytting

Av

– Det blei ei stor sorg å miste jobben eg hadde hatt i nesten 29 år.

Erna Jorunn Tytingvåg har i dag to deltidsvikariat og fortel at det var svært vanskeleg å finne ny jobb då Sjøfartsdirektoratet blei flytta ut av Oslo.

Erna Jorunn Tytingvåg har i dag to deltidsvikariat og fortel at det var svært vanskeleg å finne ny jobb då Sjøfartsdirektoratet blei flytta ut av Oslo. (Foto: )

DEL

[FriFagbevegelse]  Etter 29 år i Sjøfartsdirektoratet, kunne ikkje Erna Jorunn Tytingvåg flytte med då jobben hennar skulle flyttast til Haugesund. Det enda med fem år på dagpengar.

Hun jobba i Sjøfartsdirektoratet i 29 år, før stillinga hennar skulle flyttast i forrige utflyttingsrunde. I 2009 var turen komen til hennar jobb, og ho fekk tilbod om å fortsette i jobben i Haugesund.

Grunna familie og nettverk i Oslo var det ikkje aktuelt for ho å flytte til Haugesund.

– Det blei ei stor sorg å miste jobben eg hadde hatt i nesten 29 år. Då eg stod utan jobb i 2009 og var 58 år. Det var fem år eg aldri vil oppleve igjen.

Å ende på Nav med ei lita deltidsstilling og dagpengar var forferdeleg, fortel ho og legg til om situasjonen hennar i dag:

– No har eg to jobbar og arbeider framleis ikkje fulltid. For å vere ei voksen dame på min alder kan det røyne på å jobbe turnus og kveld. Eg har to jobbar og flyg frå det eine til det andre, seier den tidligare NTL-medlemmen som no er med i Handel og Kontor.

Ho jobbar i klesbutikk og i tillegg med billettsal for Stena Line.

Ueinig med Norman

Tytingvåg, som jobba med saksbehandling tidlegare, fortel at det blei ekstra vanskeleg å finne seg ny jobb fordi det var mange som søkte nye jobbar i Oslo, samtidig.

– Statsråden som sto for utflyttinga, Victor Norman, meiner at utflyttinga har vore ein suksess. Kva seier du til det?

– Det var ikkje mykje vellykka. Han var på eit møte i kantina og sa då at ein jobb har ingen følelsar. Då veit ikkje eg korleis han tenkjer. Ein jobb er mennesker, om ikkje folk har følelsar, veit ikkje eg kva folk han kjenner. Det var heilt forferdelig. Om Norman syns dette har vore så fantastisk, har det ikkje vore det for oss som jobba der.

La folk få fred og behalde arbeidsplassane sine, det vil vere det beste.

Erna Jorunn Tytingvåg, gikk på Nav i fem år etter utflytting av arbeidsplassen hennar

– Kva tenkjer du om at det kjem ei ny runde med utflytting av statlege arbeidsplassar?

– Det er sørgelig, har dei ikkje lært noko? Vi har aukande arbeidslause, skal dei sette fleire ut i elende? Det er det som skjer.

Verst for kvinnene

– Kven var utflyttinga vanskelegast for?

– Heilt klart dei som var 50 år og eldre. Veldig mange av kvinnene eg jobba med, hadde arbeida deltid og hadde ulike permisjonar. Der stod dei med val om å ta ut AFP, trass i at dei ville gjerne jobbe lenger fordi dei ikkje hadde opptent full pensjon. Dei endte opp med nesten mindre enn minstepensjonistar. Det var mange som sleit både økonomisk og psykisk. Dei konsekvensane der har dei ikkje tenkt på. Det går mest utover kvinnene. Det var ikkje alle der som hadde høgare utdanning, dei hadde begynt unge og gått gradene. Eg erfarte at det var ingen som ville ha ei dame på over 50 år, sjølv om eg syns dei er dei mest stabile.

– Kva burde vore gjort annleis?

Victor Norman.

Victor Norman. (Foto: )

– Det skulle ha vore meir individuell behandling av folk. Dei kunne ha fått venteløn slik at dei kunne ha klart seg bedre. Ei mista mannen sin og kom fryktelig dårleg ut. Ein del slike skjebnar kunne dei ha hjulpe bedre. Juristar og ingeniørar på rundt 40 blei headhunta. Vi vanlege, var det ingen som brydde seg så mykje om.

Kritisk til ny utflytting

Erna Jorun Tytingvåg har dette bodskapet til dei tre partia som vil flytte ut fleire statlege arbeidsplassar:

– La folk få fred og behalde arbeidsplassane sine, det vil vere det beste. Utflyttinga har ført noko godt med seg når det har blitt arbeidsplassar andre stadar, det skjønar eg. Men det må kunne gå an å løyse dette på ein annan måte. Eg syns det var kjempetrist. Eg får seie at trass i at eg slit og jobbar, er eg lukkeleg over å ha den jobben eg har. (ANB)

Fakta om statlige arbeidsplasser som vurderes flyttet ut av Oslo

  • 1.200 årsverk og cirka 600 studieplasser skal gjennomgås med tanke på utflytting. Dette kommer i tillegg til de 630 som så langt i denne stortingsperioden er vedtatt å flytte ut, eller lokalisere utenfor Oslo.
  • Fornybar AS (OED) – Stavanger-, Bergens- og Trondheimsregionen vurderes som lokaliseringsalternativer.
  • Språkrådet (KUD) – 34 ansatte i Språkrådet.
  • Sentraladministrative oppgaver i kunnskapssektoren (KD): vurderes lokalisert til et sted i de tre nordligste fylkene, eller til Vestlandet. Om lag 850 årsverk, hvorav 618 er lokalisert i Oslo.
  • Landbruksforvaltningen (LMD): Vurdering av å lokalisere oppgaver eller enheter til ulike steder i landet, blant annet i Trøndelag. Det er i dag 194 og 30 ansatte ved Landbruksdirektoratet i henholdsvis Oslo og Alta. Den samlede arbeidsmengden til landbruksforvaltningen hos fylkesmennene er om lag 300 årsverk.
  • Likestillings- og diskrimineringsnemnda (BLD) – vurdering av mulig lokalisering til et av de følgende stedene: Lillestrøm, Sandefjord, Bergen, Stjørdal eller Bodø.
  • Vassdrags- og energidirektorat – NVE (OED): Utrede en flytting av tilsynsoppgavene i NVE fra det sentrale kontoret i Oslo og ut til regionkontorene. Det er om lag 57 årsverk, fordelt på 86 ansatte som jobber med tilsynsoppgaver i dag.
  • Fredskorpset (UD): Vurderinger av å lokalisere virksomheten til Trondheim, Stavanger eller Førde. Det er for tiden cirka 40 ansatte i Fredskorpset i Oslo. (ANB-NTB)

Artikkeltags