Strømkunde fikk 12-16 prosent høyere forbruk med ny måler

Dei nye straummålarane kan visa litt av kvart, blant anna kor mange watt du brukar til ei kvar tid.

Dei nye straummålarane kan visa litt av kvart, blant anna kor mange watt du brukar til ei kvar tid. Foto:

Av

Kvinnherad Energi har kontrollert eit titals målarar etter at nokre kundar har opplevd høgare straumforbruk med ny, automatisk målar.

DEL

(Kvinnheringen) Cort Holtermann på Utåker i Kvinnherad kommune er ein mann som følgjer nøye med, både på vêr og straumforbruk. I desember opplevde han eit hopp i straumforbruket på 12 prosent, samanlikna med snittet for dei ti siste åra.

– Og utetemperaturen var ikkje unormal i desember 2017, seier han.

I januar i år hoppa straumforbruket heime hos Holtermann opp 16 prosent, samanlikna med snittet dei ti føregåande åra. Holtermann har førebels ikkje kontakta Kvinnherad Energi.

Hans Ordin Østebø ved Kvinnherad Energi opplyser at til no er eit titals målarar kontrollerte etter at kundar har reagert på høgare forbruk.

– Nokre har rett og slett hatt litt for billeg straum på grunn av at einskilde gamle målarar har snurra for seint, og så langt er det ikkje avdekka feil på dei nye målarane. Men i nokre få tilfelle har det vore feilkoplingar, forklarar Hans Ordin Østebø i Kvinnherad Energi.

Han oppfordrar kundar som synest straumrekninga har auka i overkant mykje etter målarskiftet, om å ta kontakt med Kvinnherad Energi.

– Vi kan kopla opp ein parallellmålar. Elles kan du faktisk gjera ein sjekk sjølv. Dei nye målarane kan visa kor mange watt du brukar til ei kvar tid, og ved å setja på t.d. ein omn som du veit trekkjer 2.000 watt, kan du sjå om auken på målaren stemmer, forklarar Østebø. (ANB)

Artikkeltags