Ida (19) bur i ei fjellhole

Av

For snart eitt år sidan bestemte Ida Løken frå Førde seg for å bli holebuar. Se video!

DEL

[Firda] 19-åringen går tredje året på jord- og hagebruksskulen i Aurland, og bur i ei hole plassert midt i ei ur i fjellsida ovanfor skulen.

Hola er eit avlangt krypinn med ei maksimal takhøgde på 1,2 meter, innreidd med ei villmarksseng dekt av sauefellar, ein defekt fluktstol, ei hengekøye og ein oljelampe.

– Eg har ikkje akkurat noko tempur-madrass, men det er grådig godt å ligge hardt. Og så har eg jo ein død sau eg kan ligge på, det er veldig fint og heitt, seier 19-åringen.

Utanom stein består senga til Ida òg av halm, eit par liggeunderlag og militærullteppe. Her søv ho i ein sovepose med komforttemperatur på 20 minus.

– Eg slepp i alle fall besøk av Jehovas vitne og dørseljarar her oppe, seier Ida og smiler.

Inspirert av kjærasten

Ho har budd i fjellhola sidan mai i fjor, og det var kjærleiken som førte henne dit.

– Det var ein på skulen min som budde akkurat her i fjor, men då trudde eg nesten ikkje på det. Han fyren vart kjærasten min etter kvart, og når han fekk til å bu her ute vart eg så inspirert at eg fekk lyst til å prøve sjølv. Eg kunne jo ikkje vere noko dårlegare, fortel Ida og smiler.

Det tok ikkje lang tid før ho sette pris på å vakne opp i ei hole.

– Det var eigentleg veldig herleg og spennande med ein gong. Å vakne opp her ute, med fuglekvitter, frisk luft og litt bris, gjer noko heilt anna med deg enn det å vakne opp i eit hus og nesten ikkje gidde å gå ut av senga.

For å komme opp til hola må du klatre igjennom ei ur. I starten syntest Ida dette var heftig seint på kvelden. No er det ikkje på same måten, dersom det ikkje er uvêr.

– Når eg då tenker på at eg må klatre gjennom ei ur og legge meg ute, spør eg av og til meg sjølv om kva eg driv meg. Men når eg kort tid etter kjem inn i hola og det er heilt vindstille der inne, angrar eg ikkje i det heile teke. Det er nett då eg opplever nokon av dei finaste augneblikka i hola, seier ho med eit smil som lyser av truverd.

Familien ikkje overraska

19-åringen har aldri kjent seg einsam som holebuar.

– Det er jo fullt dyreliv rundt meg, og det skjer jo veldig mykje sosialt på internatet på skulen. Det hender også at nokon plutseleg kjem på besøk til hola, seier Ida.

Då ho fortalte at ho skulle flytte inn i ei hole, syntest folk det var rart.

– Det skjønner eg til ein viss grad, det var jo det første eg òg tenkte då eg høyrde om han som budde her i fjor. Likevel har eg inntrykk av at folk ser på det å bu ute eller leve enkelt som usivilisert, mens dei ser på det å ha eit skyhøgt forbruk som heilt normalt. Det provoserer meg.

Familien hennar vart ikkje så overraska då Ida fortalte at ho skulle bli holebuar.

– Mamma syntest det har heilt greitt – til ho gjekk gjennom ura med meg i mørket. Då var det plutseleg livsfarleg, så frå då av måtte eg love å sende melding kvar kveld om at eg framleis var i live, fortel ho og ler. (ANB)

  • Trur på holeliv for alle - les resten av saka her.

Artikkeltags