Redaktør får nynorsk-pris

Artikkelen er over 11 år gammel

Det skjer ikkje ofte at ein sjefredaktør i tjukkaste Oslo bestemmer seg for å skrive på nynorsk. No heidrar Noregs Mållag Hallgeir Westrum i Avisenes Nyhetsbyrå for innsatsen.

DEL

For ein månad sidan starta Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) med å levere stoff på nynorsk. Det fell i smak hjå Noregs Mållag, som no gjev sjefredaktøren ein målblome for innsatsen.

– Noregs Mållag har i eitt år jobba for meir nynorsk i media. Då er det gledeleg at ein av dei leiande nyhendebyråa bestemmer seg for å levere stoff på nynorsk til lokale og regionale aviser. Dette vil føre til meir stoff på nynorsk i avisene. Spesielt i dei som nyttar stoff både på nynorsk og bokmål, sier nestleiar Eli Bjørhusdal i Noregs Mållag.

– Kva er eigentleg ein målblome?

– Det er ein blome, heider, ære og applaus, fortel nestleiaren i Mållaget.

Stoffet på nynorsk frå ANB er mellom anna ei barneside, ymse reportasjar og notisar. Sjefredaktøren sjølv er ein av dei som skriv notisar på nynorsk kvar dag.

– Det er artig å ta i bruk gammal kunnskap, sier Westrum. Men ANB-redaktøren innrømmer at han nok treng litt lenger tid på å formulere seg på nynorsk enn på bokmål.

– Ein må tenkje seg om litt ekstra, sier han. Westrum er ikkje så reint lite stolt over rosen frå Mållaget.

– Dette var både gildt og overraskande, sier han. Sjefredaktøren mottek målblomen på Noregs Mållag sitt landsmøte i dag. (ANB)

Artikkeltags