Finansministeren dårleg i nynorsk

Artikkelen er over 11 år gammel

Departementa brukar meir nynorsk enn nokon gong tidlegare. Kunnskapsminister Øystein Djupedal er flinkast. Mens finansminister Kristin Halvorsen knapt nyttar nynorsk i det heile tatt.

DEL

Bruken av nynorsk i departementa var 22,3 prosent i fjor. Dermed er minstekravet på 25 prosent nesten nådd. Andelen er høgare enn nokon gong tidlegare.

Det er Kunnskapsdepartementet som erobrar førsteplassen. I perioden 2003-2005 hadde departementet som blir leia av Øystein Djupedal 54,3 prosent nynorsk. Miljøverndepartementet med Helen Bjørnøy i spissen tek andreplassen med 51,7 prosent nynorsk i same periode. På tredjeplass ligg Landbruks- og matdepartementet og Terje Riis-Johansen med 49,1 prosent nynorsk.

Finansminister Kristin Halvorsen leiar departementet som får sisteplassen. I perioden 2003-2005 kan Finansdepartementet berre skilte med 9,7 prosent nynorsk. Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad kan heller ikkje skryte av at departementet hennar nyttar nynorsk i noko særleg grad. Helse- og omsorgsdepartementet hadde ein nynorskandel på 10,3 prosent i denne perioden. (ANB)

Artikkeltags